mandag 25. oktober 2010

TO VERDER I EN


 NIELS KLIMS REISE TIL DEN UNDERJORDISKE VERDEN

”Niels Klims reise til den underjordiske verda” handlar om studenten Niels som dett ned i eit hol på veg heim til Bergen etter studium i København. Der oppdaga han ein heilt ny kulturverd, alt anna frå den vi kjenner til på jordas overflate. I Cocklecu, som landet heitar, har det skjedd eit rollebytte mellom mennene og kvinnene. Det pågår kvinnetyrani og mennene har heller lite dei skulle ha sagt. Alle dei høge og viktige stillingane gjeng til kvinnene, medan mennene utførar anna simpelt arbeid som reingjering, baking og stelling av kjøkkenet. Den nye og svært forandra kulturen kjem som eit sjokk på Niels, i hans auge er det heilt absurd at ei kvinne kan styre ein mann på denne måten, at ei kvinne sit med det siste ordet. Han kunne ikkje forstå korleis mennene godtok slek styring frå damene, han meinte det ha vore lett for mennene å ta over makta med sitt fysiske overtak. Men det viste seg at mennene verken hadde interresse eller mot til å gå i mot den sterkt innførte kulturen. Dei gjekk rundt å trudde at det var naturens avgjerd at kvinnene sat med makta, medan mennene tok seg av smådull som lapping av klær, baking, sying og til og med bli banka. Dei kvinnelege i samfunnet påstod at mennene var sterkare fysisk og dermed betre eigna til hardt arbeid. Men det var ikkje bere i heimaneat rollebyttet hadde skjedd. På gata var det fleire unge menn som solgte seg som prostituerte, og om dei viste seg for åpent og utfordrande, fekk dei fengselsstraff og blei offentleg piska. Kvinnene derimot fekk lov til å flørte og sende alle moglege signal til mennene, gift eller ugift gjekk dei ustraffa frå det. Niels tørte aldri å seie noko eller gå i mot den usedvanlege skikken medan han var der, men like før han reiste tok han seg den friheit i å nevne for nokre innbyggjarar om at det nærmast var uvanleg å ha kvinnene i ”førarsete”. Responsen var nedslåande, dei meinte han forveksla natur med sedvane, og at kvinnenes svakheiter var eit utelukkande resultat av oppdragelse. Nede i Cocklecu blei nemelig kvinnene set på som fornuftige, talentfulle og stabile, og mennene som rotete, forsnakka og forvirra. I hovudstaden låg det ei praktfull bygning (fyrsteharemet) kvar tre hundre av dei vakraste gutane og mennen i landet budde og blei heldt av fyrstinnar. I stor frykt rømde Niels ut av Cocklecu etter å ha overhøyrt nokre tre snakka om han som tiltrekkende..
 
















IZZAT 

”Izzat” er ei bok om Noreen, ein 17 år gammel jente som blei født og oppvakse i Noreg, men med pakistansk mor og far. Gjennom boka følgjer vi ho gjennom eit tvangsekteskap ”heime” i Pakistan. Det er mykje smerte og urimelege ting som skjer, og vi får eit innblikk i korleis den pakistanske kulturen fungerar. Når Noreen kjem til Pakistan oppdagar ho fort at den pakistanske kulturen mellom kvinner og menn er betrakteleg stor i forhold til i Noreg. Ho merkar at ho ikkje passar inn, og at ting ho sei og gjer ikkje blir godteken slik som i Noreg. Sjølv om ho ikkje får heilt innpass med handlingane sine, gjer ho det ho vil utan å bry seg noko særlig om kva samfunnet tenkjer og meinar om ho. Samtidig kjende ho seg skuffa, skuffa over landet som ho hadde så store forventningar til. Eit land som ho håpa ho kunne passe inn i utan å bli sett på som annleis.
Så er dagen her, dagen ho blir teken ”ut” av sin eigen familie, siste dagen i hennar liv, siste dagen som fri - bryllaupsdagen. Etter å ha blitt pressa, tvingt og torturrert sit ho her, hjelpesløs og aleine. Denne dagen er svært smertefull for Noreem, og alt ho tenkjer er at ho vil dø. Ho kjenner seg sviken og bedradt av sin familie. Når ein pakistansk jente giftar seg er ho ikkje lengre ein del av familien, medan guten alltid vil vere det. Døtrene blir sett på som ei vare som ein kan selje eller gi bort, og sønnene er noko verdifult som blir i familien. Norrem har no blitt gifta bort av sin eigen familie og vil aldri igjen tilhøyre den. Ho har mista trua på Gud..


















KONTRASTER
Kontrastane mellom innhalda i dei to tekstane er svært store. Medan teksten om Niels Klims reise viser oss kvinnetyrani og underarbeida menn, gir ”izzat” oss eit innblikk i den pakistanske kulturen der det foregår tvangsekteskap av kvinner og der mannfolka styrer kvinnene i samfunnet. Tekstane gir oss gode skildringar av to heilt forskjellige kulturverder. Dei visar oss kor ulikt verden i mellom kan vere. Fortellingane gir oss innsyn i uremelige avgjerelsar i forhald til makt og kjønnsdiskriminering. ”Niels Klims” fortelling er ikkje begrunna på fakta og verklegheit, medan ”izzat” gjev oss eit døme på ein urimeleg skikk og kultur, som lev den dag i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar